Jolekonsert med Sørlandet Pilgrimskor, Annemarie de Jong og vener - laurdag, 6. desember kl. 19:00, Bygland kyrkje
Den 6. desember 2025 klokken 19:00 ynskjer me velkomen til ein unik joleoppleving i Bygland kyrkje. Sørlandet Pilgrimskor gjev ein storslått jolekonsert i samarbeid med songarar frå Nederland. Dirigent for begge ensemble, den nederlandske sopranen Annemarie de Jong, busett i Grendi, har slege dei to små ensembla saman for ein kveld fyld med vakker musikk. To musikarar frå Annemaries nederlandske orkester, pianist og fiolinist, vil òg bidra med akkompagnement, og programmet er variert og spennande – med noko for ein kvar smak.
Tema for kvelden er «Lys i mørkret». Me går mot jolefeiringa i mørke tider, men lyset over alle lys har kome til oss, òg i år! Dette er eit perfekt høve til å feire fellesskap, musikk og magien i jola. Med Annemaries eigne ord: «Når me ser på det venskapelege forholdet mellom Norge og Nederland tidlegare, er dette ei vakker musikalsk fortsetjing av dette venskapet.»
Alle er hjarteleg velkomne til ein ugløymeleg konsert! Billettar kostar kr. 200 og kan kjøpast via Vipps 403 44 373.