Misjonsprosjekt
Bygland og Årdal sokn har misjonsprosjekt i Israel, gjennom Den Norske Israelsmisjon (DNI).

Foto: Den Norske Israelsmisjon
I Jerusalem stør DNI diakonalt arbeid blant dei mest marginaliserte menneska i det israelske samfunnet, uavhengig av religion, kultur og etnisitet.
Gjennom partnarsamarbeidet med Machaseh kjem me i kontakt med mange menneske som på ulike vis har erfart livsens skuggeside. Me vil vise nestekjærleik til dei som har vorte utsett for ulike typer overgrep.
Machaseh betyr tilfluktsstad. Machaseh gjev menneske eit glimt av himmel midt i ein tung og vanskeleg kvardag, der menneske blir sett, anerkjend og verdsett.
Du kan lese meir om misjonsprosjektet vårt på Israelsmisjonens nettstad, og gje ei gåve på Vipps, #545689.