Bygland og Årdal sokn > Kyrkjelyd


Kyrkjelyd


Kyrkjelyden vår har tiltak som rommar heile livet, frå dei aller minste til dei aller eldste. Du er velkomen til å ta del i kyrkja sitt arbeid i Bygland og Årdal sokn.

Foto: Den norske kyrkja

 

Alle er velkomne til å take del i arbeidet i kyrkjelyden vår.

  • Gjennom heile året er det gudstenester i kyrkjene i Bygland og Årdal sokn. Vanlegvis er det gudsteneste ein sundag i månaden, og på alle høgtidsdagane.
  • Me har andaktar på Byglandsheimen annankvar tysdag.
  • Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med Vonheimkoret, og er òg ein av dei viktigaste arenaane for kulturverksemd i regionen. Det vert halde konsertar og songkveldar i kyrkjene våre heile året.
  • Gjennom prostidiakonisamarbeidet har me fleire tiltak innan diakoni, og ei utstrakt besøksteneste.
  • Me har tiltak innan kyrkjeleg undervising og læring, kor alle døypte inviterast.

 

Kontakt


Kyrkjeverje
Anne Synnøve Ropstad
Tel: 909 16 664
Send e-post