Bygland og Årdal sokn > Kyrkjelege handlingar > Gravferd


Gravferd


Ei gravferd er eit høve til å seie farvel, takke for livet som har vore og for å samlast i sorga.

I kyrkja får du ei personleg avskil med den døde, uansett. Ramma er meiningsfull og trygg.

Me overlet saman den døde i Guds hender. I gravferda delast minneord, tekster, bøner, musikk og salmar - alt saman ber budskap om den kristne vona om at kjærleiken er sterkare enn dauden.


Det er vanleg å ta kontakt med eit gravferdsbyrå etter ein har mista nokon. Evje og Vennesla begravelsesbyrå har kontor på Evje. Sjå deira nettstad her. Ta kontakt med kyrkjeverja viss du vel å ta hand om gravferda sjølv, eller har spørsmål om grav og kyrkjegard.

Kontakt


Kyrkjeverje
Anne Synnøve Ropstad
Tel: 909 16 664
Send e-post